Øygarden treng ein ny naturpolitikk!

FN si naturavtale frå Montreal i 2022 gir ikkje rom for tolking – vi må verne meir natur! Vi vil arbeide for vern av 30% av all natur i Øygarden, gjennom at kommunen definerer vernesoner i eigna område både på land og i sjø og at det praktiserast ein heilskapleg og streng forvaltning av strandsona i kommunen.

7. mai 2023

Kvifor skal vi verne meir natur i Øygarden?

I følge Sabima sin kåring «Naturkampen» har Øygarden no falt til 334. plass av Noreg sine 356 kommunar ifølge Sabima sin kåring «Naturkampen», ned frå 300. plass i fjor. Dette skjer i ein kommune med mykje utmark beståande av myr og kystlyng, som er sårbare naturtyper som òg fungerer som viktige karbonlager. Desse må sikrast eit særskild vern! Dessutan er Øygarden kommunen i Noreg med den femte lengste kystlina, som gjer det spesielt viktig at vi tek vare på kystlandskapet og den sårbare strandsona vi er heldige å ha så mykje av.

 

Korleis kan kommunen verne meir natur?

I motsetnad til for klimagassutslepp globalt, har vi som kommune sjølv det fulle ansvaret for naturtap innanfor eigne kommunegrenser – og dermed òg alle moglegheiter for å gjere noko med problemet.

Kommunen må definere vernesoner i eigna område både på land og i sjø, og det må praktiserast ein heilskapleg og streng forvaltning av strandsona i kommunen. Kartlegging av naturmangfaldet både på land og i sjø må styrkast, og kunnskapen om naturverdiar i kommunen skal vere førande for arealforvaltninga. Vi vil krevje at Øygarden begynner å føre arealrekneskap som skal nyttast til både klimabudsjettering og utbyggingsplanar, slik at vi når dei forpliktingane som er sett.

 

Kva vil Øygarden MDG?

Frå partiprogrammet vårt står det at vi vil:

  • Utarbeide ein grundig arealrekneskap som skal sikre bevaring for framtida av sårbare naturtypar, naturmangfaldet og dei siste samanhengande urørte områda i Øygarden.
  • Sikre ein varig streng forvaltning av strandsonelova, og at utbygging av nye naust og kaianlegg berre skal skje i eller i forlenginga av eksisterande regulerte område på ein måte som ikkje forringar strandsona eller ålmenta si tilgang til sjøen.
  • Ta opp att visjonen om ein marin verneplan for Krossfjorden (nedstemt av kommunestyret i 2021), som i følgje Miljødirektoratet er «eitt av dei best dokumenterte marine kystområda i Noreg, med stort dokumentert mangfald av artar».
  • Arbeide for eit landskapsvernområde langs heile kyststripa vår mot havet i vest. Dette skal sikre skånsam bruk og eit vern mot utbygging i alle områda som i dag framstår som inngrepsfrie.

 

Øygarden MDG seier ja til vern av Midtmarka!

I tillegg til å verne nye område, er det enkelte prosjekt som aldri bør realiserast. Den planlagde motorvegen gjennom Midtmarka vil redusere det samanhengande naturområdet midt på Sotra med om lag 5 millioner kvadratmeter, 20% av storleiken på området i dag. Å øydelegge natur medfører store klimagassutslepp, og bygging av motorveg i Midtmarka vil føre til utslepp av om lag 50 000 tonn CO2. Dessutan vil det bli ein ekstremt dyr veg – dei siste estimata frå 2019 var på over 2 milliardar kronar, og det vil vere mykje meir i dag.

I staden vil Øygarden MDG ta betre vare på og ruste opp vegane som finst i dag og betre forholda for mjuke trafikantar. Vi vil:

  • Gjere det enklare å la bilen stå, til dømes gjennom å legge til rette for fleire billege innfartsparkeringar og lågare takstar for parkering for pendlarar
  • Arbeide opp mot Skyss for auka kapasitet på hovudaksane for buss, kombinert med matebussar/bestillingsbusser i områda som i dag har dårleg eller ingen kollektivtilbod
  • Krevje at trygge skulevegar prioriterast høgast blant samferdsletiltaka i kommunen, med samanhengande gang- og sykkelstiar og reduserte fartsgrenser rundt alle skular
  • Prioritere Vestsidevegen og jobbe for ein heilskapleg oppgradering av strekninga, til ein tofeltsveg etter Vegvesenet sine standardar og med gang- og sykkelsti heile vegen
  • Sjå på tiltak langs dagens Fv. 561 som kan betre støysituasjonen for dei som bur langs vegen