Vel blåst landsmøtehelg!

Fotocredit: Vestland MDG

I helga var det landsmøte for Miljøpartiet dei grøne på Fornebu, kor òg Øygarden MDG var representert. Vestlandsdelegasjonen var samansett av 21 delegatar frå store delar av fylket, i tillegg til fleire varadelegatar og observatørar.

13. mai 2022

Vi i Vestlandsdelegasjonen fekk absolutt sett vårt preg på landsmøtet, og fleire gode innlegg vart halde. I tillegg vart det ein del tid til sosiale arrangement, som alle dei fleste store nettavisene følgde tett.

Nokre av dei viktigaste politiske høgdepunkta frå helga kan oppsummerast gjennom vedtaka som vart fatta:

  1. Energipolitikk: Vi ønskjer ein fast kompensasjon til alle innbyggarar som følgje av høge strømprisar i periodar kor staten får inntekter frå eksport av kraft til Europa. I tillegg har vi sett mål om ein kraftig auke i installert solenergi i Noreg innan 2030, og vil òg satse på andre formar for lokal energiproduksjon – til dømes bølgjekraft og fjernvarme.
  2. Kjernekraft: Eitt av dei store spørsmåla i forkant av landsmøtet var korleis landsmøtet ville behandle forslaget til ein resolusjon om kjernekraft, fremja av Grøn Ungdom. I det endelege vedtaket står det at vi støttar investeringar om ny kjernekraftteknologi i Europa, men at vi ikkje vil utgreie moglegheitene for kjernekraftverk i Noreg.
  3. Psykisk helsehjelp for born og unge: Vi vil innføre ein hjelpegaranti for alle under 25 år (studentar opp til 28 år) som skal gi naudsynt helsehjelp til dei som er avhengig av rus og dei med psykiske lidingar.
  4. Det må bli enklare å reparere, leige og bruke om att klede og andre tekstilar for å få redusert dei store utsleppa av klimagassar og forbruket av vatn og kjemikaliar som brukast i tekstilindustrien i dag. Dette vil vi gjere mellom anna gjennom å fjerne moms på reparasjonar, skjerpe krava til produsentansvar og innføre ei levetidsmerking på klede.

Meir informasjon om dei endelege vedtaka og fullstendige resolusjonstekstar, kan ein finne her.  Her kan ein òg lese om valet av ny nestleiar, den nye næringspolitiske plattforma og langtidsstrategien fram mot 2030 som vi kjem til å jobbe ut frå i dei kommande åra.